Viddesyn

Viddesyn (2009)

Biletkunstnar Sara Klingmot skal gå seg frisk på Hardangervidda. Ho har ei udiagnostisert synsforstyrring som ho sjølv kallar høgdegliding. Folk ho møter blir høgare enn dei verkeleg er; dei glir opp, akkurat som motiva ho malar glir opp på lerretet. Det flate, monotone landskapet på vidda er det synsnerven treng, meiner augespesialist (og poet) dr. J. Mallang. Sara opplever nokre intense syn undervegs som fascinerer og skremmer.

 

Les meir hos Forlaget Oktober

 

 

 

 

Vendrakovic

Vendrakovic (2006)

Då skodespelarinna Elena Vendrakovic 69 år gamal blir sparka frå Det Slovakiske Nationalteateret, bestemmer ho seg for å aksjonera med Bratislava som scene. Vendrakovic er ein inspirert og fandenivoldsk roman om ei kvinne som ikkje vil la seg definera av alder.

 

Les meir hos Forlaget Oktober

 

 

 

 

 

 

 

Snø dempar lyd (2003)

Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003)

I romanen Snø dempar lyd, tre lukkar inne følgjer vi tre menn frå tre generasjonar; farfaren Johan, faren Einar og sonen Sigurd, ein kald vinterdag. I eit sikkert språk og med stor autoritet vekslar Ingebrigtsen mellom dei ulika sinna, og viser korleis dei dreier rundt kvarandre, samstundes som dei har lite kontakt fysisk og emosjonelt. Ein vakker og sår roman om mannlig hjelpeløyse; om tre menn som slit med tapet av kone og mor, og som strevar med å komma i kontakt med seg sjølv og kvarandre.

 

Les meir hos Forlaget Oktober

 

 

 

 

Vesen (2001)

Vesen (2001)

Etter at kjærasten har reist frå han, bryt Greger opp frå heimbyen og studiet i etnologi, set seg i bilen og legg ut på vegen utan noko fast mål. Han oppheld seg heile sommaren på ein gard, der han får jobb som jordbærplukkar. Her blir han kjend med Woyzeck, som eigentleg er fjernsynsdubbar i Polen, og Steinar, som han ikkje heilt får tak på. Når sommaren er over reiser dei tre til ei lita fiskarbygd i nord, no for å selja reingjeringsmaskiner på dørene. Vesen kan karakteriserast som ein slags «litterær road movie». Med eit stilsikkert språk og underfundig humor skildrar Ingebrigtsen Gregers liv på vegen, på leit etter sin eigen veg.

 

Les meir hos Forlaget Oktober