Ny roman i oktober

27. august 2009

Eirik Ingebrigtsens nye roman Viddesyn kjem ut i oktober

http://www.oktober.no/nor/boeker/skjoennlitteratur/romaner_noveller/viddesyn

VENDRAKOVIC SOM LYD

9. mars 2009

Eirik Ingebrigtsen har lese inn Vendrakovic (OktoLyd 2009) som er tilgjengeleg på musikkonline (99 kr):

http://www.musikkonline.no/shop/displayAlbum.asp?id=36295

Utanfor teltet hørte han fresinga frå grantreets rotklump. Det var eit lydmønster han så smått hadde vent seg til; denne låge, ujamne fresinga som no og då nådde ein topp av knurring eller piping, ei slags klaging. Det kunne minna om pipinga frå ein vedkubbe på eit godt tent bål, men der ei bålglo kan trua med å smella seg laus frå vedkubben, låg det her ein truande eksplosjon i lyden som inkluderte heile grantreet, ikkje berre den vridde rotklumpen som stakk opp frå bakken. Dette var treet sitt sår.

Les resten av teksten